Prosjektmedarbeidar Ung Arena – 100% stilling

Ung Arena er eit samarbeidsprosjekt mellom Ulstein frivilligsentral, Bell ungdomsklubb og Ulstein bibliotek. Prosjektet består av fire delprosjekt og rettar seg i hovudsak mot all ungdom i alderen 13-18 år. Målsettinga er å styrke dei unge si oppleving av meistring og læring, mangfald, sosial inkludering og førebygge utanforskap.

Hovudarena for aktivitet i prosjektet er Ulstein Arena. Dei fire delprosjekta er:

  • Debattarena for unge
  • Leksehjelp og middagstilbod
  • Open hall
  • BUA – utlånssentral av utsyr til fritid

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, utvikle og gjennomføre aktivitet knytt til dei fire prosjekta.
  • Arbeide i samspel med ungdom, kulturavdelinga sine tilsette, frivillige lag og organisasjonar.
  • Samarbeide med aktuelle aktørar i kommunen og næringslivet elles.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning, gjerne høgskulenivå.
  • Erfaring frå kulturarbeid knytt til barn og ungdom.
  • Kjennskap til det lokale kulturlivet.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Fleksibilitet og serviceinnstilling med brukarfokus.
  • Målretta, tydeleg og strukturert.
  • Evne til å involvere og skape engasjement.

Vi har fleksibel arbeidstidsordning og gode pensjonsordningar. Løn etter kommunal tariff. Søkjar må vere innstilt på at det er kveld- og helgearbeid knytt til stillinga.

Stillinga er i første omgang ei prosjektstilling over 12 månadar frå startdato. Søkjarar kan også søkje på delar av stillinga, men dette må kome fram av søknaden. Den som vert tilsett må legge fram politiattest.

For spørsmål kontakt kultursjef Leif Ringstad, tlf 47301332.

Elektronisk søknadsskjemaStillings-ID: 362

 

Søknadsfrist: 28. januar 2019