Miljørettleiar

Har du sosialfagleg kompetanse og vil vere med å legge til rette for trivsel, meistring og læring for elevar på Haddal skule?

Vi har ledig ei fast 50 prosent stilling som miljørettleiar.

Stillingsprosenten kan bli noko større.

Hovudarbeidsoppgåver

  • Legge til rette for positiv utvikling for alle elevar, bl.a. ved arbeid med læringsmiljø og psykososiale faktorar og setje i verk utviklingsstøttande tiltak – altså vere mykje saman med elevar, både i friminutta og elles.
  • Arbeide førebyggande på individnivå, gruppenivå, klassenivå og skulenivå
  • Vere ein ressurs/rettleiar inn mot kollegiet innan psykisk helse og livsmeistring
  • Ha tett samarbeid med andre tilsette, føresette og hjelpeinstansar

 Kvalifikasjonar

  • Treårig høgskule-/universitetsutdanning innan sosialfag eller vernepleie 
  • Det er ønskjeleg med erfaring innan psykososialt arbeid med barn og unge
  • God relasjonskompetanse

 Personlege eigenskapar

  • Positiv, engasjert, lojal og støttande både i høve elevar, tilsette og samarbeidspartar
  • Kan jobbe sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
  • Tydeleg og god på kommunikasjon
  • Strukturert og systematisk, kreativ og løysingsorientert
  • God forståing av skulen som organisasjon
  • Evne til å kunne identifisere seg med Ulstein kommune sine kjerneverdiar:

Nyskaping – Omsorg – Rausheit  - Mangfald

 Vi tilbyr

  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver i eit levande miljø
  • Eit arbeidsfellesskap som er i utvikling og har gode strukturar for samarbeid
  • Løn etter sentrale avtalar og Ulstein kommune sine lokale avtalar
  • Komprimert arbeidstid i 39 veker. Du vil dermed ha fri i elevane sin haust-, jule-, vinter-, og påskeferie og mesteparten av sommarferien.

Nærare opplysningar om stillinga vert gitt av rektor Vibeke Vigestad Berge, tlf. 951 45 217.

Vi ber om at søkjarar nyttar elektronisk søknadsskjema. Stillings-ID: 370

 

Søknadsfrist: 28. mars 2019