Ferievikarar 2019

Vi søker etter ferievikarar ved:

Helse- og omsorgsetaten (st.id 365)

  • Alvehaugen (sjukeheim og omsorgsbustader, vaskeri, kjøkken, aktivitør, ambulerande vaktmester)
  • Heimetenestene (Ulshaugen/Holsekerdalen, tenester til psykisk utviklingshemma (PU), heimehjelp og heimesjukepleia)

Alle som får tilbod om stilling må levere tilfredsstillande politiattest av ny dato før start i arbeidet. Ved heimesjukepleia og heimehjelpa må du ha førarkort for personbil, og det er fordel om du disponerer bil. 

Helse- og omsorgsetaten prioriterer dei søkarane som kan arbeide i juli og til medio august. I søknaden må du opplyse tlf.nr. og tidsromet du kan arbeide.

Teknisk etat (st.id 366)

  • Grøntanlegg

Søkjarar til stilling ved teknisk etat må vere over 18 år og helst ha førarkort for personbil. Teknisk etat prioriterer søkjarar mellom 18-24 år og som er heimehøyrande i Ulstein kommune.

Ulstein Eigedomsselskap KF (st.id 367)

  • Grøntanlegg
  • Vedlikehald

Når du søkjer må du nytte elektronisk søknadsskjema og dette må fyllast ut og vere så fullstendig som mogleg. Bruk st.id som står i annonsen. 

Søknadsfrist: 01.03.2019