Fastlege

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.

Frå 01.10.19 har vi ledig heimel for fastlege
 

Fastlegeheimelen er lokalisert til Ulstein legesenter som er eit aksjedrive praksisfellesskap med 10 fastlegar og ein turnuslege.

Ulstein kommune har interkommunal legevakt saman med Hareid kommune på ettermiddag/kveld og i helgane. Kommunen er med i fastlønna interkommunal legevakt kvar natt  med kommunane Hareid, Ørsta, Volda, Herøy og Sande. Det er pliktig deltaking i legevakta.

Vi vil vektlegge at du har:

  • Godkjent utdanning som spesialist i allmennmedisin, alternativt er under spesiallisering i allmennmedisin med rett til refusjon
  • Gode evner i norsk munnleg og skriftleg
  • Positiv innstilling og faglig engasjement med personlege eigenskapar som gjer deg eigna til jobben.
  • Førarkort
  • Vi legg stor vekt på uttale frå almennlegeutvalet, j.fr. ASA 4310. P 5.5
  • Vi oppmodar  kvinner til å søke

Vi tilbyr:

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt fagleg miljø med dyktige og positive kollegaer
  • Listestorleik på 950
  • Kommunal deltidsstilling i inntil 7,5 timar pr. veke kan bli pålagt

Listestorleik og kommunal stilling kan vere mogleg å endre etter nærare avtale. Vilkår for praksisen går fram av sentrale lover, forskrifter og avtalar.

Ved tilsetjing må du kunne legge fram ny politiattest.

Kontaktperson er kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde tlf. 928 02 357 eller dagleg leiar ved Ulstein legesenter Michael Dahl tlf: 700 18 989. Søkjarar må nytte elektronisk søknadsskjema. St.id 380.

Søknadsfrist: 11.06.19