Bibliotekleiar

 Vi søkjer deg som aktivt vil bidra til å vidareutvikle eit av landets flottaste og mest moderne bibliotek. Vi søkjer ein leiar med hjarte for biblioteket som ein inkluderande møteplass,ein arena for læring, nettverksbygging og kulturelle opplevingar, og som brubyggar mellom borgar, teknologi og viten.

  

Arbeidsoppgåver

- Fagleg og administrativ leiar for Ulstein bibliotek

- Økonomi- og personaloppgåver for biblioteket

- Hovudansvar for drift og vidareutvikling av biblioteket i

tråd med samfunnet og brukarane sine behov

- Formidling og publikumsarbeid

 

Kvalifikasjonar

- Godkjent bibliotekfagleg utdanning

- Anna relevant utdanning kan vurderast

- Leiarutdanning og/eller leiarerfaring vert vektlagt

- Teknologikunnskap og gode formidlingsferdigheiter

 

Personlege eigenskapar

- Gode samarbeids - og kommunikasjonsevner

- Serviceinnstilling med brukarfokus

- Målretta, tydeleg og strukturert

- Evne til å involvere og skape engasjement

 

Nærare opplysningar om stillinga vert gitt av kultursjef Leif Ringstad, tlf. 473 01 332 / leif.ringstad@ulstein.kommune.no.

Vi ber om at søkjarar nyttar elektronisk søknadsskjema. Stillings-ID: 359

 

Søknadsfrist: 2. februar 2019