Ambulerande sørvisarbeidar

Frå 01.04.19 har vi ledig 100% fast stilling for ambulerande sørvisarbeidar. Stillinga har for tida delt arbeidsområde med om lag 40% ambulerande sørvis og 60% hjelpemiddel.

Stillinga har eit særskilt ansvar for mottak, montering, vedlikehald av hjelpemiddel og velferdsteknologi. Opplæring / kurs vil bli gitt.

Den tilsette vil jobbe i team med dei andre ambulerande sørvisarbeidarane og tett saman med ergoterapeutar som har ansvar for hjelpemiddelformidling i kommunen.

Vi søkjer etter ein person med god teknisk og praktisk innsikt, gjerne med teknisk utdanning. Sertifikat for personbil er eit krav. Det er også krav om tilfredsstillande politiattest av nyare dato.

Vi vektlegg gode samarbeidsevner og evne til å jobbe sjølvstendig og med ulike arbeidsoppgåver.

Søkjarar må nytte elektronisk søknadsskjema. StillingsID er 364.

Spørsmål om stillinga kan rettast til soneleiar Gunn Sætre på tlf. 982 30 617 eller på e-post gunn.satre@ulstein.kommune.no

Søknadsfrist: 27.01.19