Rett til innsyn i offentlege dokument

Hovudregelen er at alle kan krevje innsyn i offentlege saksdokument, journalar og andre liknande register. Det er offentleglova som regulerer kva som er eit dokument og når eit dokument vert offentleg.

Lova har føresegn om unnatak frå offentleglova. Vanlege årsaker til at ålmenta ikkje har fullt innsyn er at dokument inneheld teiepliktige opplysningar. Ein del interne dokument kan også haldast tilbake. Lova har også føresegn om «meirinnsyn». Det betyr at vi skal vurdere om vi kan gi innsyn der det i utgangspunktet ligg føre moglegheit for å nekte innsyn.

Ulstein kommune har elektronisk postjournal, der alle inngåande og utgåande brev vert journalført. Vi legg også ut møtedokumenta frå dei folkevalde organa.

Som hovudregel er det gratis å få innsyn.