Vedtak i kommunestyret - Kommunal planstrategi 2019-2023

Kommunestyret har i møte 26.11.2020, sak 122/20, fatta følgjande vedtak:

Ulstein kommunestyre godkjenner kommunal planstrategi for valperioden 2019 – 2023 sist revidert 10.11.2020, jf. plan- og bygningslova § 10-1.

 

Planstrategi kan kallast ein «plan for planlegging» der formålet er at den skal gje ei oversikt over utviklingstrekk og utfordringar i kommunen. Dokumentet skal klargjere kva planoppgåver kommunen bør starte opp eller rullere vidare for å få ei ynskja utvikling i kommunen. Ettersom planen er ein strategi er den difor ikkje juridisk bindande.

Planstrategien omfattar ei skissering av utfordringane og vala til kommunen knytt til samfunnsutvikling og arealbruk, og ei vurdering av planbehovet. Dette skal bidra til at planlegginga i Ulstein kommune vert behovsstyrt og ikkje meir omfattande enn nødvendig. Planstrategien er altså ikkje ein plan med mål og strategiar, men eit verktøy for å vedta kva planoppgåver kommunen skal gjennomføre.

Kommunal planstrategi Ulstein kommune 2019-2023 (PDF, 3 MB)