Varsel om oppstart - Kommunedelplan for levekår 2020-2032

Frist for innspel: 10.09.2019

Klikk for stort bileteFoto: Madeleine Pettersson

I samsvar med plan- og bygningslova (PBL) § 11-1, har formmanskapet, i møte 18.06.2019 vedtatt at det kan settast i gong planarbeid med kommunedelplan for levekår.

Planen skal fungere som eit overordna styringsverktøy for utviklinga i sektorane helse og omsorg, kultur, oppvekst og teknisk. I samband med oppstarten er det utarbeida framlegg til planprogram. Det er her beskrive korleis planarbeidet skal organiserast, om utgreiingar, problemstillingar, overordna føringar for planarbeidet og korleis medverknad skal gjennomførast.

Framlegg til planprogrammet kan også sjåast i Servicetorget på Ulstein rådhus. Offentleg mynde og høyringsinstansar vert varsla ved eige brev. Innspel kan sendast til Ulstein kommune, Teknisk etat, Postboks 143, 6067 Ulsteinvik, eller postmottak@ulstein.kommune.no innan 10.09.2019.