Klikk på kartet for å få opp planområdet i Sunnmørskart
I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, varslar OSE AS med dette at det vert starta arbeid med privat reguleringsplan for Tueneset på Dimna. Planid: 1516-20200007. Varslingsområdet er vist med stipla strek på kartutsnittet. Marianne og Lars Breivik står som forslagsstillar og OSE AS står for planarbeidet.
Det aktuelle området ligg på gnr. 26, bnr. 7 m. fl, og er på omlag 6,5 daa. Det vart halde oppstartsmøte med Ulstein kommune 11.12.2020. Formålet med planarbeidet er å regulere til:
• Bustadar med nødvendige funksjonar
Det er konkludert med at reguleringsplanen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.
Orientering om saka kan ein få ved å vende seg til OSE AS tlf. 974 89 987 eller e-post: plan@oseing.no.
Varslingsdokument for meir utfyllande informasjon ligg på nettsidene til OSE AS under kunngjeringar.
Den som har opplysningar av betyding for planarbeidet vert beden om å sende desse skriftleg til OSE AS,
per e-post til plan@oseing.no eller
Vikeøyrane 7, 6150 Ørsta innan 26.02.2021.
Naboar/grunneigarar/partar/offentleg mynde vert varsla med brev.