Varsel om oppstart av detaljregulering og offentleg ettersyn av planprogram - Plassen miljøtun

Frist for å kome med merknad: 25.01.2021.

Klikk for stort bilete  

Med dette vert det varsla om oppstart med detaljregulering og offentleg ettersyn av planprogram i samsvar med Plan- og Bygningslova § 12.8 og 12.9. for eigedomen g/bnr. 5/15, Fløvegen 385, Ulstein kommune. Område skal nyttast til bustader i tun med fellesareal og felles nytte av området til matproduksjon og diverse aktivitetar i samsvar med utarbeidd prosjektskisse. Arealet innanfor føreslegne plangrense på kartet er på om lag 35 000 m2. Planen skal og omfatte offentleg parkeringsplass nord for eigedomen. Frisiktsoner, og trasé for framtidig gang og sykkelveg på austsida av Fløvegen etter vedtak i teknisk utval.

Planen utløyser krav om planprogram etter pbl § 4-1 og konsekvensutredning etter pbl § 4-2 og KU-forskrifta § 2.

Planinitiativ og planprogram i 1 dokument, prosjektskisse frå Nøysom Arkitekter, referat frå sakshandsaming i teknisk utval, referat frå oppstartsmøte og skredvurdering finn de her:

Plangrense (PDF, 245 kB)

Planinitiativ og planprogram (PDF, 3 MB)

Referat frå oppstartsmøtet (PDF, 335 kB)

Skisseprosjekt (PDF, 18 MB)

Skredfarevurdering (PDF, 8 MB)

Melding om vedtak - Oppstart planarbeid - Detaljregulering for Plassen miljøtun (PDF, 412 kB)

Planomriss kan også sjåast på Sunnmørskart.

Papireksemplar av dokumenta kan ein få ved å kontakte servicetorget i kommunen.

Tiltakshavar er Plassen Miljøtun A/S v/Perny Austnes, Varleiteråsa 7, 6065 Ulsteinvik.
Planen vil bli utarbeidd av Magne Bergseth, sivilarkitekt mnal, 6068 Eiksund i samarbeid med Flataker Landskap, Gåseidmarka 22, 6015 Ålesund. Bygningsprosjektering: Nøysom Arkitekter, Steenstrupsgate. 17A, 0554 Oslo.

Synspunkt og merknader skal fremjast skriftleg innan fredag 25. januar 2021 til:
 

Perny Austnes, Varleiteråsa 7, 6065 Ulsteinvik, e-post: perny@vikemarkabarnehage.no

Eller:

Sivilarkitekt mnal Magne Bergseth Havågvegen 52 6068 Eiksund, e-post: magne@havberg.no