To namneforslag til offentleg ettersyn

Saunes - Klikk for stort bilete Per Eide Har du merknadar til Øvre Saunes som namn på eit byggefelt og Klobben som namn på eit rorbuomåde? 

  

Kommunen skal namnsetje to felt som er under regulering. Namna Øvre Saunes (byggefelt) og Klobben (rorbuområde) vert lagde ut til offentleg ettersyn.

  

Øvre Saunes gjeld eit bustadfelt, hovudsakleg på gnr 25, bnr 3, på Saunes. Klikk her for å lese meir om saka og sjå kart. 

Klobben gjeld eit område under omregulering frå naust til rorbuer/turistformål mellom Glopen og Annafjøra på Nedre Saunes. Klikk her for å lese meir om saka og sjå kart. 

 

Merknadar til saka må leverast skriftleg til Ulstein kommune, teknisk etat, postboks 143, 6067 Ulsteinvik eller postmottak@ulstein.kommune.no. Merknadsfristen er 9.10.2020.