Oppstart av planarbeid - Olsvik hytteområde

Frist for innspel: 29.10.2019

I samsvar med §§ 12-3, 12-8 og 12-14 i Plan- og bygningslova vert det med dette kunngjort at følgjande privat reguleringsarbeid vert sett i gong:

DETALJPLAN (PBL § 12-3) FOR OLSVIK HYTTEOMRÅDE PÅ GNR. 19 BNR. 4 MFL. I EIKSUND, ULSTEIN KOMMUNE, VARSEL OM IGANGSETTING AV PRIVAT PLANARBEID, JF. PBL § 12-8

Målet med planarbeidet er å leggje til rette for fritidsbusetnad med 9-10 nye hyttetomter, utvikling av gardstun til aktivitetsgard og gjere strandsona tilgjengeleg for ålmenta med gangtilkomst og brygger. Tilknyting til offentleg veg er tenkt som i dag for gardstun og to nye avkøyrsler som tilkomst til hytteområde nord og sør for vegen. Området er i hovudsak ikkje tidlegare regulert. Ein mindre del av eigedomen inngår i vedteken reguleringsplan «Hytteområde Håheim». Gjennom dette planarbeidet vil grensa mellom den planen og den no nye planen bli retta opp i hht eigedomsgrensene. I kommuneplanen sin arealdel er området definert som noverande fritidsbusetnad (Fh7) og LNFR-område.

Planområdet gjeld eigedomar vist på kartutsnittet nedanfor. Arealet omfattar om lag 31 daa.

Klikk for stort biletePlanområde (svartlinje), raud linje syner område vist som Fh7 i kommuneplanen

Arealet er i hovudsak tenkt nytta til frittliggjande fritidsbustader med tilhøyrande anlegg (veg, avløpsanlegg mm). Vidare tenkjer ein gardstunet utvikla som aktivitetsgard/selskapslokale mm. Aktuelle arealformål i strandsona vil kunne vere småbåtanlegg, hamn, naust, gangsti, friluftsformål, parkering. Fleire føremål kan kome til undervegs i reguleringsprosessen.

Tiltaket er vurdert til å vere av ein slik karakter at det ikkje er naudsynt med planprogram og/eller KU etter PBL §§ 4-1 og 4-2. Tiltakshavar er Laila Bjørkedal og Per Ove Leira som også er grunneigar på eigedomen gnr. 19 bnr 4. Utførande plankonsulent er AG Plan og Arkitektur AS.

Grunneigarar, off. mynde og organisasjonar vert varsla i eige skriv.

lnnspel til reguleringsarbeidet skal vere skriftlege og sendast til:

AG Plan og Arkitektur AS
Adresse: firmapost@agpIan.no eller Webjørn Svendsen gate 12, 6150 ØRSTA innan 29.10.2019. E-post (ev skriv) skal vere merka: Reguleringsarbeid for Olsvik hytteområde, Ulstein kommune

Besøksadr: Webjørn Svendsen gate 12, 6150 ØRSTA. Tlf sakshandsamar: 97 50 72 72

Planområde - Sunnmørskart