Områderegulering for Ulsteinvik sentrum - varsel om oppstart med høyring av planprogram

Klikk for stort bilete Klikk her for å kome inn i Sunnmørskart og zoome inn på kartdetaljar.

Merknadsfrist: 09.06.2021

I medhald av plan- og bygningslova §§ 4-1, 12-8 og 12-9 vert det varsla om oppstart med høyring av planprogram for områderegulering for Ulsteinvik sentrum. Planområdet er 285,3 daa, og føremålet med reguleringa er å sikre heilskapleg sentrumsutvikling og tilrettelegging for framtidige omsorgsbustader ved Ulshaugen.


Bakgrunnen for planarbeidet er å styrke Ulsteinvik som sentrumsområde. Planen skal vere ei konkretisering av visjonar som «Ulsteinvik 2046» og parallelloppdraget, og overordna føringar i  kommuneplanens samfunns- og arealdel. Planområdet er omfatta av kommuneplanens arealdel, føresegn §5.2.2, der det stillast krav om at det skal utarbeidast områdeplan for sentrum (Temakart T1).

Planavgrensing
Kjerneområdet i planavgrensinga, er det arealet som i kommuneplanenes arealdel er satt av til sentrumsformål. I tillegg er det teke med areal for lokalisering av framtidige omsorgsbustader ved Ulshaugen og anna areal som samferdselsareal, del av hamneområdet m.m.

Viktige tema i planen
Planarbeidet er ei oppfølging og konkretisering av tilrådingane frå evalueringsrapporten for parallelloppdraget. Målet er å sikre heilskaplege løysingar for Ulsteinvik for framtida. Viktige tema for planarbeidet er å arbeide fram rammer for byggehøgder og utnytting, fortettings- og rivingsplan og utvikle overordna strategiar for byrom, grøntstruktur, byggeskikk, sjøfront og parkering.

Krav om planprogram/konsekvensutgreiing
Det visast til plan- og bygningslova og forskrift om konsekvensutgreiing. I samsvar med plan- og bygningslova § 4-2 og forskrifta §§ 6, 7, 8 og 10 vurderer Ulstein kommune at det ikkje vil vere krav om konsekvensutgreiing.

Vidare saksgang og medverknad
Det er høve til å komme med innspel/merknader til varsel om planoppstart og forslaget til planprogrammet. Alle innkomne merknader vil bli vurdert i det vidare planarbeidet.

Når det er utarbeidd forslag til områderegulering med plankart og føresegner, vil denne bli lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då igjen vere høve til å kome med innspel og merknader til det konkrete planforslaget.

Frist for innsending av merknader
Eventuelle innspel til forslag til planprogram eller planarbeidet kan sendast på e-post til postmottak@ulstein.kommune.no eller til postadresse
Ulstein kommune , postboks 143, 6067 Ulsteinvik. Merkast med «saksnummer 21/474»

 

Lenke til saksdokument og framlegg til planprogram finn du her

Lenke til sluttresultat frå parallelloppdrag

 

Eventuelle spørsmål kan rettast på e-post til postmottak@ulstein.kommune.no

Frist for innspel: 09.06 2021