Offentleg ettersyn: Skattelister for eigedomsskatt og liste over eigedomar med fritak

Saunes og Ulsteinvik - Klikk for stort bileteSaunes og Ulsteinvik Per Eide Fram til 15. april 2021 ligg skattelistene for eigedomsskatt ute til offentleg ettersyn. I den same perioden ligg også listene over eigedomar med fritak ute til offentleg ettersyn.

Listene syner alle skattepliktige eigedomar gjennom matrikkelnummer, takst, grunnlag skattesats og utrekna skattesum. 

Listene er også å finne i Ulstein rådhus, 1. etasje.

Eskatt 2021 - Skatteliste offentleg ettersyn - takst FG (PDF, 2 MB) (eigedomar som har formuesgrunnlag)

Eskatt 2021 - Skatteliste til offentleg ettersyn - vedtatt STN (PDF, 387 kB) (eigedomar som har kommunal takst)

Eskatt 2021 - fritak offentleg ettersyn - lag, foreningar, stiftingar (PDF, 56 kB)

Eskatt 2021 - fritak offentleg ettersyn - statlege eigedomar (PDF, 50 kB)

Eskatt 2021 - fritak offentleg ettersyn - nye bustadbygg (PDF, 60 kB)

Eskatt 2021 - fritak offentleg ettersyn - kyrkje (PDF, 56 kB)

Eskatt 2021 - fritak offentleg ettersyn - kommunale eigedomar (PDF, 197 kB)

Eskatt 2021 - fritak offentleg ettersyn - historisk verde (PDF, 49 kB)

 

Klage

Klager på takst etter formuesgrunnlaget skal rettast til skatteetaten. Meir informasjon finn du på Skattetaten.no.

Klager etter kommunale takster skal rettast til eigedomsskattekontoret. Klage kan sendast skriftleg også pr e-post til Ulstein kommune innan seks veker frå kunngjeringsdato eller frå det tidspunkt skattesetelen vert utsendt. 

Adresse: postmottak@ulstein.kommune.no eller i posten til Ulstein kommune, Eigedomsskattekontoret, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.              

Ver merksam på at brevet om eigedomsskatt også kan kome som digipost.