Offentleg ettersyn i namnesaker

1.	Adresseparsellar i Løset hyttefelt: Adresseparsell 1: Bukketrappvegen Adresseparsell 2: Løsetvegen - Klikk for stort bileteAdresseparsellar i Løset hyttefelt.Namnenemnda arbeider med namnsetjing fleire stader i kommunen. Følgjande namn vert no lagt ut til offentleg ettersyn. Frist for eventuelle merknadar/innspel er 13.05.

Eventuelle innspel skal sendast til postmottak@ulstein.kommune.no eller Ulstein kommune, postboks 143, 6067 ULSTEINVIK og merkast  «arkivsak 20/1725».

Namneframlegga vert handsama på nytt namnenemnda etter at merknadsfristen er utgått.  Då vil nemnda gje sitt endelege råd til teknisk utval som er kommunen sitt namnemynde.   

1. (Kart over) Adresseparsellar i Løset hyttefelt: 

Adresseparsell 1: Bukketrappvegen.

Adresseparsett 2: Løsetvegen.

2. Namn på felt – fritidsbustader m.m. på Garnes:

Området får namnet: Grøtneset.Klikk for stort bileteGrøtneset.

3. Namn på fjellformasjon – Grøthornet eller Flåna?

Sidan Flåna er mest brukt i daglegtalen for dei fleste i kommunen og Grøthornet er å finne minst to andre stader på Hareidlandet, meiner namnenemnda at dette fjellpartiet skal heite Flåna.

4. Namn på vegkryss

Namnenemnda rår til at krysset der Glopen tek av frå Strandvegen vert kalla Glopenkrysset.

 5. Naustområde på Nedre Saunes

Plankonsulenten starta med arbeidstittelen Klobbneset, namnenemnda sende over forslag om Klobben.  Dette var ikkje språkrådet heilt samd i, så vi vart tilrådd å kalle området Klubben.  Namnenemnda ser at Klubbe-namn i ulike samansetjingar (Ikkje minst Klubbegarden og Klubbeneset) finst mange stader i kommunen.  For å unngå mistyding i ein beredskapssituasjon har difor namnenemnda tilrådd eit heilt nytt namn, og sender det på høyring.  Namnet som vert tilrådd er Saunesfjøra.Klikk for stort bileteNaustområde og vegkryss.

6. Nytt feltnamn – Sundgotmarka III

Vedtak frå namnenemnda:  Området som er under regulering til bustader med arbeidstittelen Sundgotmarka III, vert vurdert som ei naturleg utviding av bustadfeltet Joelva.  Namnenemnda tilrår at utvidinga frå same namnet som feltet elles.Klikk for stort bileteSundgotmarka III.

 

7. Vegnamn på Skeide

Namnenemnda legg følgjande vegnamn ut på høyring:

Adresseparsell 1: Jarbryggevegen

Adresseparsell 2: Myravegen

Adresseparsell 3: Skeidsvegen

Adresseparsell 4: Skeidsbakken

Klikk for stort bileteVegnamn på Skeide.