Kunngjering - Ny handlingsdel til klimaplan (2019-2022) og ny tiltaksplan mot plast, og marin forsøpling (2019-2022)

Det er gjort vedtak i kommunestyret.

Klikk for stort bilete

Ulstein kommunestyre har i medhald av plan- og bygningslova, § 11-4, i møte 20.06.2019, gjort vedtak om å godkjenne ny handlingsdel for klimaplan (2019-2022), og ny tiltaksplan mot plast, og marin forsøpling (2019-2022). 

Klimaplan for Ulstein vart vedtatt i 2011. I denne låg det ein handlingsplan som lista opp målsettingar og aktivitetar for å nå måla. I planstrategi for Ulstein 2016-2020 vart det lagt opp til at denne handlingsdelen skulle rullerast i 2018. Politikarane i Ulstein hadde eit ynskje om at det også skulle utarbeidast ein tiltaksplan mot plast, og marin forsøpling. Det vart difor sett ned ei arbeidsgruppe som har jobba med dette sidan november 2018.

Planane låg ute på høyring i perioden 20.02.-03.04.2019 og det kom inn 11 innspel frå privatpersonar, offentlege mynde og interne råd og utval. Endeleg godkjende planar kan sjåast under: