Kunngjering - Kommuneplanens arealdel 2019-2031

Kommuneplanens arealdel 2019-2029 er vedteken.

Ulstein kommunestyre godkjende den 28.03.2019, i medhald av plan- og bygningslova § 11-15, Kommuneplanens arealdel - Ulstein kommune 2019-2031, slik den ligg føre, men med følgjande endringar:

  • Turveg Fjelle-Hasundhornet vert bygd som kategori C-sti.
  • Området T105 Saunes-Glopen vert teke ut av planen. 

Avklaring om arealbruken til gravplass, område G101 og G102 vert oversendt til kommunal- og moderniseringsdepartementet for avgjerd, jf. motsegn frå Møre og Romsdal fylkeskommune, kulturavdelinga. 

I utgangspunktet er det slik at dersom det ligg føre motsegn mot arealdelen får planen først rettsverknad ved departementets avgjersle. Men kommunen kan likevel gi dei andre delane av planen rettsverknad dersom innsigelsen rettar seg mot eit klart avgrensa område, jf. plan- og bygningsloven § 11-16 første ledd. 

I plankartet og i føresegnene har teksta «Utan rettsverknad» blitt sett inn for å synleggjere kva område det er snakk om. Når planen har vore til handsaming i Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil dette bli endra.

Plankartet finn du på Sunnmørskart.

Dokumenta i saka finn du her: