Kunngjering - Kommunedelplan hovudplan avløp 2019-2029

Hovudplan for avløp 2019-2029 er vedteken.

Ulstein kommunestyre har i medhald av plan- og bygningslova, § 11-14, i møte 29.11.2018, gjort vedtak om å godkjenne kommunedelplanen Hovudplan for avløp 2019-2029.

Hovudformålet med planen er å leggje til rette for at det blir bygd ut gode løysingar for oppsamling, transport, reinsing og utslepp av avløpsvatn i Ulstein kommune. Planen vil vere eit grunnlag for budsjett og økonomiplan innanfor avløpssektoren.

Planen finn du her: