Kunngjering: Godkjend detaljregulering for nedre Sundgotlegane

Frist for klage: 27.01.2020

Klikk for stort bilete 

Ulstein kommunestyre har i møte den 19.12.2019, i medhald av plan‐ og bygningslova (pbl) § 12‐12, godkjent detaljregulering for nedre Sundgotlegane. Detaljreguleringa omfattar regulering til frittliggande og konsentrert busetnad, leikeplass og tilkomstvegar.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, jf. pbl §§ 1‐9 og 12‐12 og Forvaltningslova kap. VI. Mogleg klage skal vere grunngjeven og sendast til Ulstein kommune v/Teknisk etat, Postboks 143, 6067 Ulsteinvik eller postmottak@ulstein.kommune.no innan 04.02.2020.

Godkjend reguleringsplan er bindande innanfor planområdet for alle arbeid og tiltak som er nemnde i pbl § 1‐6. Det same gjeld frådeling og anna bruk som kan gjere gjennomføring av planen vanskeleg. Krav om erstatning etter pbl § 15‐3, eller innløysing etter pbl § 15‐2, må vere sett fram seinast tre år etter denne kunngjeringa, eller seinast tre år etter at eventuelle byggverk er fjerna. Krav om innløysing eller erstatning skal rettast til kommunen.

 

Lenke til Sunnmørskart