Høyring om budsjett og økonomiplan 2019–2022

Gi dine innspel om kommunebudsjettet før kommunestyret gjer endeleg vedtak 13. desember. 

13. desember 2018 skal kommunestyret vedta kommunens budsjett og økonomiplanen for 2019–2022.

Formannskapet vedtok 27. november si tilråding i saka, det vil seie det forslaget som går til kommunestyret.

Nedst på denne sida finn du både tilrådinga frå formannskapet og det opphavelege budsjettframlegget frå rådmannen.

Har du innspel i saka? Send dei til postmottak@ulstein.kommune.no seinast 13. desember 2018 klokka 12.00. 

 

Dokument

 

Les meir om budsjettprosessen.