Høyring: Forskrift om rett til godtgjersle og velferdsgode for folkevalde

Seinast 16. juni kan du uttale deg om utkastet til forskrifta om rett til godtgjersle og velferdsgode for folkevalde. 

  

Etter kommunelova skal kommunen vedta ei forskrift som blant anna regulerer kva godtgjersle dei folkevalde skal ha. Forskrifta skal gjelde utgifter og økonomisk tap, arbeidsgodtgjersle, ettergodtgjersle og permisjonar.

 

Utkast til forskrift

Kommunestyret har vedtatt eit utkast til ei slik forskrift for kommunen vår. Forskrifta skal legge til rette for brei rekruttering til kommunale tillitsverv gjennom økonomiske ordningar som gjør det mogleg for alle å delta i lokalpolitikken. 

 

Høyring til 16. juni

No ligg dette utkastet ute til høyring. Det betyr at alle kan uttale seg om utkastet. Etter høyringa skal kommunestyret vedta forskrifta.

Klikk her for å lese utkastet til forskrifta (PDF, 649 kB).

Send merknadane dine til postmottak@ulstein.kommune.no eller Ulstein kommune, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Frist: 16. juni