Høyring: Bustadpolitisk handlingsplan 2021-2024

Klikk for stort bileteFram til 23. mars 2021 kan du uttale deg om bustadpolitisk handlingsplan 2021-2024.

I samsvar med vedtak i levekårsutvalet 20.01.2021 er framlegg til bustadpolitisk handlingsplan lagt ut til offentleg ettersyn.

Planen har status som ein temaplan og rettar seg hovudsakleg til målgrupper som har helsemessige, sosiale eller økonomiske utfordringar. Målgruppene er i denne samanhengen personar som er i ein situasjon der dei ikkje kan skaffe seg og eller oppretthalde eit akseptabelt bustadforhold.

Bustadpolitisk handlingsplan. (PDF, 2 MB)

Vedlegg til bustadpolitisk handlingsplan. (PDF, 927 kB)

Frist og adresse

Planen er også lagt ut i Ulstein rådhus, 1. etasje. Eventuelle merknader eller innspel kan du sende til Ulstein kommune, p.b. 143, 6067 Ulsteinvik, eller til postmottak@ulstein.kommune.no. Merk svaret ditt «Bustadpolitisk handlingsplan».

Merknadsfristen er sett til 23. mars 2021.

Kontakt

Eli-Marte Fjørtoft
bustadkoordinator UEKF
E-post
Mobil 954 73 189