Gebyrsatsar og -regulativ for 2021

Vi legg no forslag til kommunale gebyr for tekniske tenester ut på høyring. Innan 11. desember kan du sende inn merknader.

Teknisk utval (TU) har i møte den 12.11.2020 tilrådd gebyrsatsar/-regulativ innanfor følgjande tenesteområde: 
•    Vatn og avløp
•    Renovasjon
•    Arbeid etter plan- og bygningslova, matrikkellova og eigarseksjonslova

Gebyr for feiing er tilrådd uendra for 2021

 

TU-sakene er tilråding til kommunestyret som har møte 17. desember. Har du merknader til dei foreslåtte satsane, må du sende dei inn seinast 11. desember.


Send inn til postmottak@ulstein.kommune.no eller Ulstein kommune, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.