Framlegg til ny handlingsdel til klimaplan og tiltaksplan mot plast- og marin forureining 2019-2022

I samband med politisk initiativ våren 2018, vart det fremja ønske om ein handlingsplan mot plast og marin forureining. Klimaplanen for Ulstein kommune frå 2011-2014 inneheld ein handlingsplan som også var moden for ein gjennomgang.

I møte den 12.02.2019 vedtok Ulstein formannskap å legge dei to planforslaga ut til offentleg ettersyn. Vi vil gjerne høyre dine synspunkt om planane, og ber om at innspel blir fremja skriftleg til Ulstein kommune, Teknisk etat, Postboks 143, 6067 Ulsteinvik eller postmottak@ulstein.kommune.no innan 03.04.2019.

Plandokumenta finn du her:

  1. Vedtak i Ulstein formannskap, PS 19/25, møtedato 12.02.2019 (PDF, 111 kB)
  2. Handlingsplan 2011 – 2014, klimaplan m/status pr. 01.01.2019 (PDF, 85 kB)
  3. Handlingsplan 2019 – 2022, klimaplan (PDF, 45 kB)
  4. Tiltaksplan mot plast- og marin forureining 2019 - 2022 (PDF, 2 MB)

Handlingsplanane tek føre seg forhold knytt til energibruk, transport, avfall, forbruk og landbruk i kommunen samla sett.

Klikk for stort bilete Arild Støylen