Detaljregulering for Olsvik hytteområde - offentleg ettersyn

Merknadsfrist 27.10.2021

 Lenke til planområdet i Sunnmørskart

Teknisk utval har i møte 02.09.2021 gjort vedtak om å legge framlegg til detaljregulering for Olsvik hytteområde med  planid 20190003 ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova §12-10.

Planframlegget opnar for frådeling av sju hyttetomter, reetablering av gardsdrift, inntil fire mindre utleigehytter, naust og flytebrygge. Innhaldet i planen bygger vidare på allereie etablert hyttefelt i området, opnar opp for allmenn tilgjenge til strandsona og har eit mangfald i funksjon og formål som kan kome heile nærmiljøet til gode.
Ei opning for at del av garden sitt ressursgrunnlag er knytt til gardsturisme vil auke breidda av tilbod retta mot turisme i kommunen.

Plandokumenta finn du her i kommunen sitt sakssystem

Innspel til planframlegget merkast med saksnr 19/12932 og sendast til kommunen innan 27.10.2021 på e-post: postmottak@ulstein.kommune.no eller til Ulstein kommune, Teknisk etat, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

 

Generelle opplysningar: Merknader som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og vert vurdert og lagt fram for politisk mynde saman med kommunedirektøren sine vurderingar av merknadane. Vi svarer difor ikkje på merknader enkeltvis.