Detaljregulering for Krushammarvegen, gnr.7, bnr.152, 236 - varsel om oppstart


Klikk for stort bilete Klikk her for å få opp planområdet i Sunnmørskart

Merknadsfrist: 01.08.2021

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla om oppstart av detaljreguleringsplan for Krushammarvegen, gnr.7, bnr.152, 236, i Ulstein kommune. Planområdet er på om lag 1,35 daa, og føremålet med reguleringa er å detaljregulere for bustader og fryseri/lager.

Bakgrunn
Eigedomen er i dag anvendt som brannstasjon. Brannstasjonen skal no flyttast, og kommunen har inngått ein intensjonsavtale om sal av eigedomen til Brudevoll Eigedom AS som ønsker å etablere fryseri/lager og bustader på tomta. Gjeldande plan er detaljregulering «Krushammarvegen – Vikholmen», planID 20090003, vedteken 16.09.2010. Eigedomen er i gjeldande plan regulert til offentleg tenesteyting, noko som vil krevje reguleringsendring. Bygningen som i dag står på tomta skal rivast. Sporstøl arkitekter er engasjert av Ulstein eigedomsselskap for reguleringsendringa.

Det har vore gjennomført eit oppstartsmøte med Ulstein kommune den 19.04.2021 i samband med planarbeidet.

Planavgrensing
Planområdet er lokalisert mellom Krushammarvegen og Sjøgata i Ulsteinvik sentrum, med gateadresse Krushammarvegen 4. Planen er avgrensa som vist i kartutsnittet.

Viktige tema i planen
Viktige tema for planarbeidet er stormflo/havnivåstigning, støy, marin grense og ROS-analyse. 

Krav om planprogram/konsekvensutgreiing
Det visast til plan- og bygningslova og forskrift om konsekvensutgreiing. I samsvar med plan- og bygningslova § 4-2 og forskrifta §§ 6, 7, 8 og 10 vurderer plankonsulent og Ulstein kommune at det ikkje vil vere krav om planprogram og konsekvensutgreiing.

Oppstart
Oppstart vert også annonsert i avisa Vikebladet/Vestposten. Naboar og rørte partar vert varsla direkte.

Vidare saksgang og medverknad
Det er høve til å komme med innspel/merknader til varsel om planoppstart. Desse skal i denne fasa sendast til Sporstøl arkitekter. Alle innkomne merknader vil bli vurdert i det vidare planarbeidet.

Ytterlegare opplysningar om planen kan fåast hjå Sporstøl Arkitekter AS. Naboar, grunneigarar og høyringsinstansar er varsla direkte. Varslingsdokument er tilgjengeleg for nedlasting på www.sporstol.no under fane «Aktuelt».

Når det er utarbeidd forslag til reguleringsplan med plankart og føresegner, vil reguleringsplanen bli lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komme med innspel og merknader til det konkrete planforslaget.

Innsending av merknader
Eventuelle innspel til planarbeidet kan sendast på e-post til silje@sporstol.no eller til postadresse: Sporstøl Arkitekter AS - boks 301 - 6067 Ulsteinvik.

Frist for innspel: 01.08.2021

 

Eventuelle spørsmål kan rettast på telefon 700 18 550 eller 986 02 227 eller e-post til plankonsulent.