Detaljregulering for Botnen naustområde - varsel om oppstart

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla om oppstart av detaljreguleringsplan for Botnen naustområde, gnr.22, bnr. 6,7,44 i Ulstein kommune. Planområdet er på om lag 13 daa, og føremålet med reguleringa er å detaljregulere for naust med tilhøyrande tilkomstveg, parkering og småbåthamn. Frist for merknad/innspel er 10.10.2021.

 Lenke til planområdet i Sunnmørskart

Planområdet er lokalisert i Botnavika i Ulstein kommune, ca. 5 km sør for Ulsteinvik sentrum. Reguleringsplanen skal danne grunnlag for etablering av naust for sal, med tilhøyrande tilkomstveg, parkering og småbåthamn. Området er uregulert. Gjeldande plan er kommuneplanens arealdel 2019-2031. Området er der sett av til fritidsbebyggelse (Fn7) og småbåthamn (S3). Tiltaket er i tråd med kommuneplanens arealdel.

Planarbeidet utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing.


Ytterlegare opplysningar om planen kan fåast hjå Sporstøl Arkitekter AS. Naboar, grunneigarar og høyringsinstansar er varsla direkte.

Varslingsdokument er tilgjengeleg for nedlasting på www.sporstol.no under fane «Aktuelt».

I Ulstein kommune sitt saksarkiv finn du alt kommunen har arkivert på saka.

 

Vidare saksgang og medverknad
Det er høve til å komme med innspel/merknader til varsel om planoppstart. Desse skal i denne fasa sendast til Sporstøl arkitekter. Alle innkomne merknader vil bli vurdert i det vidare planarbeidet.

Når det er utarbeidd forslag til reguleringsplan med plankart og føresegner, vil reguleringsplanen bli lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komme med innspel og merknader til det konkrete planforslaget.

Innsending av merknader
Eventuelle innspel til planarbeidet kan sendast på e-post til silje@sporstol.no eller til postadresse: Sporstøl Arkitekter AS - boks 301 - 6067 Ulsteinvik.

Frist for merknad/innspel er 10.10.2021