Detaljregulering "Del av BFS14 ved skuleområde" - Offentleg ettersyn

Klikk for stort bilete

Frist for merknad: 14.05.2019

Teknisk utval har i medhald av plan- og bygningslova (PBL) § 12-10, i møte 14.03.2019, gjort vedtak om å leggje ut til offentleg ettersyn framlegg til detaljregulering for «del av BFS14 ved skuleområdet».

Detaljreguleringa femner om gnr. 8, bnr. 86 og 305 og omfattar regulering av inntil to firemannsbustadar med tilhøyrande leikeplass.

Framlegg til planforslag og saksdokument er også utlagt i Informasjonen i Ulstein rådhus. For detaljert informasjon i plankarta vert det vist til Sunnmørskart. Grunneigarar og naboar til planområde, offentleg mynde og høyringsinstansar er varsla i eige brev. Innspel og synspunkt kan sendast til Ulstein kommune, Teknisk etat, postboks 143, 6067 Ulsteinvik, eller postmottak@ulstein.kommune.no, innan 14.05.2019. 

Plandokumenta finn du her:

  1. Plankart (PDF, 282 kB)
  2. Føresegner (PDF, 55 kB)
  3. Vedtak teknisk utval - PS 19_22 14032019 (PDF, 52 kB)
  4. Planomtale (PDF, 4 MB)
  5. Illustrasjonsplan (PDF, 736 kB)
  6. Illustrasjonar m einebustadar (PDF, 3 MB)
  7. Terrengsnitt A og B (PDF, 2 MB)
  8. Perspektiv (PNG, 9 MB)
  9. Perspektiv 2 (PNG, 9 MB)