Sjølv om ein brann i eit bustadhus er ein krise for dei som mister hus og heim, eller at ein trafikkulukke med eitt dødsfall sjølvsagt er ein tragedie, vil ikkje dette utløyse behov for kriseleiing.
Det må noko større til, som naudetatane og den enkelte sektor/eining i kommunen ikkje klarer løyse på eiga hand. Hendinga skal altså utfordre viktige samfunnsfunksjonar, og gjerne fleire på ein gong.
Dersom vi held oss til brannar, vil ein brann i fleire hus med stor fare for spreiing kunne gjere at kommunen set krisestab. Tilsvarande ved ei større trafikkulukke, til dømes med ein buss. Den vanlegaste hendingstypa som krev kriseleiing er kanskje naturhendingar, som ras, flaum og sterk vind.
Kven styrer under ei krise?
Under ei krise, vil det vere kriseleiinga som styrer. Denne består av ordførar (leiar), varaordførar, kommunedirektør, leiarane for sektorane, beredskapssekretariat, beredskapskoordinator og kommunikasjonsansvarleg. I tillegg vil relevante fagpersonar, basert på kva krisen handlar om, bli kalla inn.
Ein av dei viktigaste funksjonane til kriseleiinga er å koordinere arbeidet med å handtere krisen og korleis vi best mogleg kan drifte tenestene våre under ein krisesituasjon.
Kriseleiinga vil også ha tett kontakt med andre aktørar, både lokale og regionale, private, frivillige og offentlege.
Det er også i kriseleiinga det blir bestemt kva informasjon som skal delast med publikum, brukarar og tilsette.
Kriseleiinga har mynde til å fatte hastevedtak om å bruke midlar inntil 1,5 million kroner for å handtere situasjonen og forhindre tap av materielle verdiar, liv og helse (jf. kommunelova §11-8)
Hovudprinsipp i beredskapsarbeidet
Beredskapsarbeidet i Ulstein kommune nyttar seg av fire prinsipp
- Ansvarsprinsippet
Den sektoren/eininga i kommunen som har ansvar for eit fagområde/teneste, har også ansvar for å førebu og handtere ekstraordinære hendingar knytt til området/tenesta.
- Likskapsprinsippet
Den sektoren/eininga man opererer med under kriser, skal i størst mogleg grad vere lik slik hierarkiet med ansvar og roller er i daglege situasjonar.
- Nærleiksprinsippet
Kriser skal som hovudregel handterast på lågast mogleg nivå.
- Samverkeprinsippet
Vi skal på best mogleg måte samverke med andre relevante aktørar og verksemder, både når det gjeld førebygging, førebuing og krisehandtering.