Jodtablettar

Jodtablettar

Kaliumjodidtablettar blir nytta førebyggande mot kreft i skjoldbruskkjertelen ved eit eventuelt utslepp av radioaktivt jod. Jodtablettar beskyttar berre mot radioaktivt jod og ikkje mot andre radioaktive stoff. 


Prosedyre i Ulstein kommune

Risikoen for utvikling av kreft er størst hos barn og unge under 18 år, samt gravide og ammande. Det er difor berre desse gruppene som får utdelt tablettar ved ei forureining. 

Utdeling skjer etter tilråding frå Kriseutvalet for atomberedskap/Statsforvaltaren. Det vert då sendt ut varsel til innbyggarane om utdeling i kommunen, og vi har eit lager av jodtablettar for dei nemnde målgruppene. 

Foreldre med barn i skule og barnehage må ha samtykka i Viglio for utdeling av jodtablettar.

 

Jodtablettar i heimen

Jodtablettar kjøper du reseptfritt på apoteket og bør vere ein del av utstyrspakken for beredskap i heimen. 

 

Kor tid skal du ta jodtablett?

Ikkje ta jod før Kriseutvalet for atomberedskap gir råd om dette.

Tablettane bør takast før utsleppet når fram eller innan fire timar etter ei akutt hending. Under eit pågåande radioaktivt utslepp skal folk halde seg innandørs.

 

I målgruppa skal desse likevel ikkje ta tablettane

  • personar med kjent allergisk reaksjon mot jod. Ta kontakt med legevakt
  • personar med Graves sjukdom, autoimmun thyroiditt, hypokomplementarisk urticariell vaskulitt og dermatitis herpetiformis
  • personar som har operert vekk skjoldbruskkjertelen treng ikkje ta jodtablettar

 

Meir informasjon

På Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA) finn du meir informasjon om jodtablettar ved atomulykker.


Her er ein liten filmsnutt med 11 spørsmål og svar om jodtablettar