Innbyggarvarsling via SMS og e-post

Innbyggarvarsling via SMS og e-post

skjermbilde

Kommunen nyttar Varsling 24 for å varsle husstandar og verksemder i eit geografisk område om hendingar via SMS og e-post. 

Dette betyr at innbyggarar i eit definert område kan få informasjon om hendingar. 

Varsling 24 varslar via SMS, e-post og telemelding til fasttelefon. Meldinga vert sendt som SMS til mobiltelefon og e-post til alle innbyggjarar over 16 år i ein husstand, og alle kontaktpersonar i verksemda.

Alle einingar i eit burettslag/sameige vert også varsla. Føresetnaden er at dei som bur der er ført opp i Folkeregisteret med rett adresse og at dei har kontaktinformasjon i Kontaktregisteret.

 

Er din kontaktinformasjon rett?

I nokre tilfelle kjem ikkje varslinga ut til alle det gjeld. Det kan vere fordi:

  • kontaktinformasjonen din er feil
  • du nyleg har flytta, eller bur mellombels på ei anna adresse
  • du har ein mobiltelefon som er registrert på arbeidsgjevar
  • du har hemmeleg nummer
  • du har tilknyting til ei adresse der du ikkje bur

 

For at du skal få tilgang til viktig informasjon når vi varslar om ulike hendingar, er det difor viktig at kontaktinformasjonen din er rett.

Her sjekkar du at informasjonen om deg er rett: https://varsling24.no/kundeinfo

Når sender kommunen SMS?

Kommunen informerer innbyggarane digitalt når det t.d. er nødvendig med koking av vatn, vasstenging, stengde vegar, evakuering, vaksinasjon og andre generelle servicemeldingar eller hendingar som krev rask informasjon til alle innbyggarar.