Velkomen til jobbmesse på Ulstein Arena

Nav-logo - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

 

20. september er meir enn 40 verksemder samla for å møte menneske på utkikk etter ny jobb. Kjem du? 

Mange verksemder melder til NAV at dei har rekrutteringsbehov, spesielt innan bygg og anlegg. Men også hotell, verft, maritim industri og andre har behov for arbeidskraft.

Det er NAV som arrangerer jobbmessa. NAV oppmodar alle som er klare for ny jobb, både arbeidsledige og jobbskiftarar, om å ta med seg CV i fleire eksemplar og møte på Ulstein Arena.

Jobbmessa er gratis både for utstillarar og besøkande. Ho er open frå kl. 12 til 15 den 20. september. 

Vel møtt! 

Her finn du meir informasjon om messa

  
  
  

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 13.09.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering