– Kommunen har teke på seg nye oppgåver og samtidig hatt ein ekspansiv investeringsprofil i fleire år, og det har vore bevisst. Men når skatteinntektene i Ulstein no har stupt med 15 %, forstår alle at vi ikkje kan fortsette drifta som ingenting har skjedd, seier rådmann Einar Vik Arset.
No har kommunestyret bede om tiltak slik at ein har kraft til å utvikle både tenester og lokalsamfunn vidare.
– Målet med dette er å sikre seg handlingsrom på kort og lang sikt, og sikre mest muleg tenester for kvar krone. Det vil krevje omstilling for alle, og eg er overtydd om at det får vi til, seier rådmannen.
– Vi har ein kultur for å tenke utvikling og for å ha langsiktig fokus på vår attraktivitetsstrategi. Det ser vi ber frukter. Sjølv med massivt fall i sysselsettinga, har Ulstein folkevekst. Det skal vi framleis ha kraft til å legge til rette for, seier Arset.
Tabell: Få kommunar har hatt større svikt i skatteinntektene siste par åra enn Ulstein.
– Ei kvar bedrift må møte ein slik situasjon med å tilpasse drifta, seier Arset.
– Når vi no må tilpasse oss reduserte driftsrammer grunna skattesvikt, så er dette nesten like enkelt og vanskeleg som for næringslivet. Det norske lønsnivået er høgt, i snitt 750 000 kroner per heile stilling «all inclusive». Når næringslivet nedbemannar, handlar dette ofte om redusert aktivitet. Det er vanskelegare å skape forståing for behovet i kommunal sektor fordi oppgåvene ofte er dei same, gjerne fleire samtidig som det er svikt i inntekter, seier rådmannen.
Fempartssamarbeid
– Vi har fullt fokus på å legge til rette for positiv samfunnsutvikling sjølv om mange er inne i ei krevande tid. Eg har ståltru på at ein gjennom gode og forpliktande partnarskap mellom næringsliv, frivillig sektor, innbyggarar, kommunen og tillitsvalde. Det gjeld å stå skulder ved skulder og løfte i flokk også framover, seier rådmann Einar Vik Arset.
Skatteinngang per innbyggar: For Noreg har det vore ein auke på over 18 % i 4-årsperioden, medan Ulstein ligg under 2014-nivået og har gått kraftig ned sidan toppåret i 2015.