Val 2017

Valurne - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik 11. september er det stortingsval. Frå 10. august kan du førehandsrøyste. Hugs å ta med legitimasjon med namn, fødselsdato og bilde når du skal røyste.

Det skal veljast ni representantar frå Møre og Romsdal til Stortinget.

På valdagen 11. september må du røyste i den kommunen der du står i manntalet. Der vil seie den kommunen der du var folkeregistrert som busett 30. juni i år.

Du kan førehandsrøyste i alle kommunar.

 

Her kan du førehandsrøyste i Ulstein

  • Ulstein rådhus – 10. august til 8. september kl. 8–16 måndag–fredag. Torsdag 7. september er det ope til kl. 18.
  • Ulstein sjukeheim – 4. september kl. 10–12
  • Ulshaug eldresenter – 4. september kl. 13–15
  • Frå 3. juli til 9. august kan du også tidlegrøyste på Ulstein rådhus kvardagar kl. 8–16.

 

Ambulerande førehandsrøysting

Er du sjuk eller ufør og ikkje kan møte fram under førehandsrøystinga, kan du røyste der du oppheld deg. Fristen for å søke om dette er 6. september. Du søker ved å ringe sentralbordet i kommunen på tlf. 70 01 75 00 eller sende e-post til postmottak@ulstein.kommune.no.

 

Røysting på valdagen 11. september

Valkortet du får i posten, viser kva røystelokale du høyrer til. Dette er dei sju røystelokala i Ulstein kommune:

  • Flø krins: Vonheim kl. 14–19
  • Ulstein krins: Ulstein bedehus kl. 14–19
  • Ulsteinvik krins: Ulstein rådhus kl. 9–20
  • Haddal krins: Haddal grendahus kl. 14–19
  • Hasund krins: Sundgot bedehus kl. 14–19
  • Dimna krins: Dimna grendahus kl. 14–19
  • Eiksund krins: Eiksund samlingshus kl. 14–19

 

Kven har røysterett?

Ved stortingsvalet i 2017 har du røysterett viss du er norsk statsborgar og

  • fyller 18 år innan utgangen av 2017,
  • er folkeregisterført som busett i Noreg eller har vore det tidlegare,
  • ikkje har mista røysteretten etter Grunnlova § 53.

 

Kven stiller til val?

I Møre og Romsdal er det 16 parti som stiller med liste ved stortingsvalet.

 

Meir informasjon

www.valg.no finn du meir informasjon om valordninga.

 

Parti som ønsker papireksemplar av manntalet, må sende e-post til Ulstein valstyre innan 4.8.2017, bruk postmottak@ulstein.kommune.no.
 
 

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 07.07.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering