Ulstein Group 100 år - ein grunn til å feire!

Ulstein Group 100 år - Gåve frå Ulstein kommune - Klikk for stort bileteUlstein Group 100 år - Gåve frå Ulstein kommune Arnljot Myrene

 Gull av gråstein

Vi gratulerer igjen, og takkar Ulstein Group for ein livgjevande festdag i Ulsteinvik!  Slikt kan berre gi god gjenlyd og stoltheit!

Ulstein kommune hadde ein ide om at gåva på ein slik dag skulle gjenspegle verksemda sin kreativitet, pågangsmot, omstillingsevne og samfunnsengasjement - og at det i Ulstein vert gjort gull av gråstein. 

Ideen vart presentert for eit lokalt, kreativt og dyktig team; Gullsmed Arild Waage og Tegneren, og dei tok utfordringa.  

Der ligg mykje sjel og arbeid i dette flotte kunstverket, alt frå gråsteinen som er plukka ut med omhug, til utforminga i gull som Arild Waage og Tegneren har designa og utforma, til diktet av Olav H. Hauge. Og alt dette nydeleg innramma av Morten Solheim ved Glass og Rammesenteret.

Det var med stoltheit ordførar Knut Erik Engh overleverte gåva til Ulstein Group under lunsjen med inviterte gjestar på laurdag.

Helsingsorda:

Eit ord

- ein stein

i ei kald elv.

Ein stein til -

Eg lyt ha fleire steinar

skal eg koma yver.

Olav H. Hauge

Lite ante vel Martin Ulstein og Andreas Flø at verksemda dei starta i 1917 skulle verte ein hjørnestein i kommunen. Å skape gull av gråstein er eit ordtak med meining i Ulstein. I takksemd for 100 års verdiskapande verksemd gir vi denne ”gullsteinen” til jubilanten, med ynskje om eit framhald i fruktbar samskaping til beste for lokalsamfunnet vårt.
 
Med helsing frå Ulstein kommune    

Publisert av Asbjørg Garshol. Sist endra 04.09.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering