UKM for Hareid og Ulstein - Sjøborg laurdag 4. mars

UKM-logo_stor.png - Klikk for stort bilete

UKM vert arrangert over heile landet, og er eit av landets viktigaste møtestadar for ung kultur.

NB - Påmeldingsfrist onsdag 22. februar kl. 23

Er du i alderen 10-20 år kan du vere med som deltakar!

Påmeldingsfrist: onsdag 22. februar kl 23.00.

 

Kva er UKM?

UKM – Ung kultur møtast – gir ungdom muligheit å stå på ei profesjonell scene og vise fram kva ein kan. Det kan vere alt i frå song, band, kor, dans, instrument, litteratur eller noko heilt anna. Fantasien set ingen grenser for kva ein kan vise fram på ei scene. I tillegg kan du også delta som konferansier, nettredaksjon, arrangør eller med utstilling (kunst, foto, installasjon m.m.).

 

Inga konkurranse

UKM er inga konkurranse. Det skal vise breidda i dei to kommunane våre. Eit lite utval av deltakarar blir plukka ut til å representere si kommune på fylkesmønstringa, for å vise litt av det lokalmønstringa hadde å by på.

Fleire kjente artistar i dag starta si karriere på UKM. Vi har eksempel på Karpe Diem, Tone Damli Aaberge, Astrid Smeplass og mange, mange fleire. - Eit viktig springbrett for deira karriere.

UKM gir også muligheita til å bli kjend med mange nye som har same interesse som deg. Kanskje skapar du vennar for livet?

 

Breidde i programmet – noko for deg eller nokon frå ditt lag?

Vi vil gjerne ha stor breidde i programmet denne kvelden. Det skal vere ungdommane sin dag. Kanskje er det eit kor som vil synge for oss, eit korps – eller ei gruppe som kan spele? Drillen kan halde oppvisning eller turngruppa kan vise oss akrobatiske øvingar. Vi har plass til sport, triks, humor, song, musikk, dans, teater, kunst, kostymer, til deg som er glad i å ta bilete, du som likar å skrive – ja alt!

 

Meld deg på her: www.ukm.no!

Påmeldingsfrist: onsdag 22. februar kl 23.00.

 

"UKM skal stimulere og synleggjere ungdommens kulturelle aktivitet - lokalt, regionalt og nasjonalt. UKM skal vere eit landsomfattande arrangement – opent for all ungdom".

 

Vil du vite meir, ta gjerne kontakt med ein av oss!

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 21.02.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Marie Flatin Marie Flatin Ungdomsarbeidar og MOT-koordinator
913 63 818
@ Marie Flatin
Annika  Brandal Annika Brandal Kulturkonsulent/ driftsleiar anlegg
408 40 900
@ Annika Brandal
Login for redigering