TV-aksjonen 2017 - UNICEF

Steinar Torvik, leiar i TV-aksjonskomiteen i Ulstein - Klikk for stort bileteSteinar Torvik, leiar i TV-aksjonskomiteen i Ulstein

 

 Ulstein kommune treng bøsseberarar søndag 22. oktober

TV-aksjonen NRK 2017 er i år tildelt UNICEF – verdas største hjelpeorganisasjon for barn. UNICEF har som hovudoppdrag å sørge for at alle barn får sine rettigheiter ivaretatt og utdanning er eit viktig fokusområde. Årets TV-aksjon går av stabelen søndag 22. oktober og innsamlingsaksjonen skal gi barn i krig og konflikt ei framtid gjennom utdanning: «Hvert barn er en mulighet».

Når barn i krig og konflikt ikkje får utdanning, står eit heilt lands framtid på spel. Pengane som blir samla inn skal blant anna sørge for skuleutstyr, vidareutdanning av lærarar, oppbygging av skular og læringssenter til UNICEF sitt arbeid i Syria, Colombia, Sør-Sudan, Pakistan og Mali. 

Steinar Torvik, varaordførar og leiar i aksjonskomiteen i Ulstein, appellerer no til folk om å delta. Du kan registrere deg som bøsseberar for Ulstein kommune på http://www.blimed.no/

På NRK sine nettsider kan du lese meir om TV-aksjonen 2017.

Bli med å lage tidenes TV-aksjon!

Hvert barn er en mulighet.JPG - Klikk for stort bilete

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 19.09.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Steinar  Torvik Steinar Torvik varaordførar
906 88 439
@ Steinar Torvik
Kari Marie Øvrebøe Kari Marie Øvrebøe sekretær
900 50 757
@ Kari Marie Øvrebøe
Login for redigering