Tid for vårrydding

hender - blomster - Klikk for stort bilete

Det er vår i lufta og eit sikkert vårteikn er at det er tid for ryddeaksjon til 17. mai

 

17. mai rydding

I år er ryddeperioden for 17. mai-rydding 21. april - 8. mai. I denne perioden kan ein levere ryddeavfall frå gater, vegar og fellesområde gratis til ein av SSR sine miljøstasjonar.

Det skal nyttast raude sekkar til 17. mai-rydding. Desse kan du få på ein av SSR sine miljøstasjonar samt ved servicetorget på rådhuset.

Om du ikkje har høve å levere avfallet til ein miljøstasjon, kan SSR hente ryddeavfall mandag 8. mai etter bestilling. Bestilling av henting kan gjerast til Linn Urke Osnes på linn@reinhaldsverket.no eller på telefon 700 07 050 innan torsdag 4. mai.

Meir informasjon finn du på Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR)

 

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 20.04.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering