TA TAK

TA TAK - Klikk for stort bilete

TA TAK er eit gratis kurs for deg som er pårørande til nokon som slit med psykiske vanskar og/eller rusmiddelavhengigheit. 

Kursstart 20. september 2017 - 6 kveldar - på Strandhuset ved Hakkalegarden

Mange pårørande til psykisk sjuke eller rusmiddelavhengige brukar mykje av si tid og merksemd på den som har desse vanskane. I nokre tilfelle blir påkjenningane med å vere pårørande så store at dei sjølve tek skade av det.

I tillegg til psykiske symptom er det mange pårørande som får fysiske symptom som følgje av livssituasjonen sin. Somme fortel også om krenkingar, truslar, vald og gjentekne vonbrot.

Vi ønskjer at deltakarane skal få treffe andre i same situasjon og oppleve fellesskap og støtte. Gjennom informasjon og diskusjonar kan ein lettare sjå si eiga rolle og få hjelp til å ta vare på seg sjølv. 

Tema på kurskveldane:

  • Meistring og verdigheit
  • Tvang og rettigheiter
  • Behandling
  • Pårørandeorganisasjonar
  • Søsken og andre barn i familien
  • Familieperspektivet

Tilsette i 2. linjetenesta og fagpersonar frå dei ulike kommunane deltek på kurskveldane.

Arrangør er Vanylven kommune i samarbeid med Ulstein, Herøy, Hareid, Sande, Volda og Ørsta, samt KoRus (Kompetansesenter Rus Midt-Norge), Lærings- og mestringssenteret, TSB Ålesund og DPS Volda.

Tid og stad:

Kurskveldane vert halde på Strandhuset ved Hakkalegarden onsdagar kl. 18.-20.30.

Oppstart: 20. september 2017.

Du er velkomen til å ta kontakt om du ønskjer meir informasjon:

Kontaktinformasjon
Namn Telefonnr. E-postadresse
Magni Vildalen 480 43 273 magni.vildalen@vanylven.kommune.no
Perdis Skarmyr 905 00 219 perdis.skarmyr@vanylven.kommune.no

 

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 24.04.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering