SSR klar for strandrydding heile året

Strandrydding - Klikk for stort bilete Madeleine Pettersson

 

- SSR har gått over til ei løysing der vi no tek imot strandryddeavfall gratis på miljøstasjonane våre gjennom heile året, fortel kommunikasjons- ansvarleg ved SSR, Linn Urke Osnes.  - Dette for å motivere til meir strandrydding, og gjere det lettare for innbyggarane å rydde strender når det passar for dei.

Praktisk:

For å kunne levere avfall gratis må dei som ryddar:

  • hente skjema (PDF, 269 kB) og blanke sekkar på ein av SSR sine miljøstasjonar eller ved Servicetorget i kommunen
  • levere ryddeavfall i dei tileigna sekkane og levere utfylt skjema ved levering av strandryddeavfall

Måndag 8. mai kan SSR hente strandryddeavfall på bestilling. Ta kontakt med Linn Urke Osnes på linn@reinhaldsverket.no eller mobil 473 86 097 seinast torsdag 4. mai for å bestille henting.

Strandryddeavfall skal elles alltid leverast til ein av våre miljøstasjonar, minner Linn Urke Osnes om. - Vi tek ikkje med strandryddeavfall på komprimatorbilane ute på rute då avfallet kan skade bilane.

Strandrydding er eit viktig og nødvendig miljøtiltak, og SSR håper mange stiller opp i dugnaden for å rydde strender framover!

Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

Sjå også om klær og sko - Bruk containarane til Fretex og UFF  

Publisert av Asbjørg Garshol. Sist endra 09.03.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering