Sol, sommar og reine strender!

Strandryddedagen - Klikk for stort bilete

 Alt utgjer ein forskjell og frivillig innsats er avgjerande i kampen for ein reinare kyst!

Det er lite som slår den gode kjensla av å bidra til ei god sak, og i sommar kan alle vere med å gjere ein viktig forskjell for strendene våre! Plastavfall og anna marin forsøpling er eit enormt og veksande problem, for livet i havet og for oss alle. Frivillig innsats er avgjerande i kampen for ein reinare kyst og mange enkeltpersonar, bedrifter og organisasjonar har gjort, og gjer en viktig ryddejobb.

No i ferien er ekstra mange ute i naturen, i fjørene og på strendene, og vil sjølve sjå at behovet for å rydde plast, tau, isopor, gamle hermetikkboksar og anna skrot framleis er stort mange stader. Sunnmøre Friluftsråd oppmodar alle om å ta i eit tak for ein reinare kyst! I samarbeid med Reinhaldsverka SSR, VØR og Årim og dei kommunale servicekontora på rådhuset har vi gjort det enkelt å bidra! 

 

Litt eller mykje – alt utgjer ein forskjell! 

Hold Norge Rent.jpg - Klikk for stort bilete

Først og fremst må kvar enkelt ta ansvar for å rydde etter seg når ein er ute. Om ein vil gjere ein innsats utover det, har Friluftsrådet med god hjelp frå servicekontora i kommunane gjort det enkelt å få tak i sekkar og hanskar frå Hold Norge Rent. Dette kan i sommar hentast gratis på servicekontoret på rådhuset. Men, det er reinhaldsselskapa som har ansvar for handtering av avfallet, så eventuelle spørsmål om det må rettast til direkte til dei.

Ulstein rådhus og servicetorget finn du i Sjøgata 63. Telefonnummeret er 70 01 75 00.

 

Dei lokale Miljøstasjonane tek gratis i mot Hold Norge Rent sekkar med eigarlaust marint avfall. NB for å få levert gratis til din lokale Miljøstasjon, treng du ei aksjonskode som du får ved å opprette ein ryddeaksjon på Hold Norge Rent sine heimesider. Husk då å knytte aksjonen til Sunnmøre Friluftsråd så kan vi følge med på kor mykje som vert rydda i sommar. Ei enkel oppskrift på dette får du også når du hentar sekkar og hanskar på servicekontoret på rådhuset.

Rydding i litt større omfang krev gjerne organisering. Friluftsrådet har, gjennom prosjektet Marin Forsøpling, ei aktiv og sentral rolle i rydding av strender og kystliner. Vi kan hjelpe med å organisere aksjonar og vi har gode arbeidsbåtar som kan hente søppel på øyar og mindre tilgjengelege stadar langs kysten.
 
Fløstranda - Klikk for stort bilete

 

 

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 02.07.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering