Søk tilskot til kulturføremål

Budsjett - Klikk for stort bilete

 

Over 500 000 kroner skal delast ut. Søk innan 15. oktober! 

Pengane frå salet av Aktivitetshuset Vikholmen skal delast ut til kulturføremål i 2018 og 2019. Det er levekårsutvalet som skal fordele midlane. 

 

Kven kan søkje?

Lag og organisasjonar som høyrer heime i Ulstein kommune kan søkje om midlar. Døme: idrettslag, grendelag og foreiningar/organisasjonar på kulturområdet. 

 

Kva tiltak kan vi søkje på?

Det kan søkjast på nye fysiske tiltak og investeringar, og kulturarrangement med brei appell. Døme: nærmiljøanlegg, turløyper, leikeplassar, konsertar, teater, større jubileumsarrangement m.m.

 

Kor mykje pengar er til rådvelde?

Levekårutvalet disponerer 523 230 kroner til dette føremålet. Pengane skal delast ut over to år (i 2018 og 2019). 

 

Kva skal prioriterast? 

Prosjekt med brei appell og positiv ringverknad for ei større gruppe skal prioriterast.

 

Korleis vert midlane betalte ut? 

Midlane vert betalte ut skjer etter at tiltaket/arrangementet er gjennomført i samsvar med søknaden, med dokumentasjon.

 

Kva er søknadsfristen?

Søknadar om tilskot må vere kulturkontoret i Ulstein kommune i hende innan 15.oktober. Søknadane vert handsama i levekårutvalet i løpet av november 2018 og november 2019. 

 

Kor skal vi sende søknaden? 

Søknaden sender du hit:

Ulstein kommune v/ kulturavdelinga

Postmottak 143

6067 Ulsteinvik

 

  
  
  

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 11.09.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering