Snart slepp vi å lese av straummålaren

Automatisk straummåling frå 2018 - Klikk for stort bilete

 Mørenett startar utrulling av nye straummålarar i september

Innan 1. januar 2019 skal alle straumkundar i Noreg få installert nye automatiske straummålarar. Mørenett startar å skifte ut straummålarane hos innbyggarane i Ulstein kommune i september 2017.

I tida fram mot årsskiftet 2018/2019 skal Mørenett skifte ut heile 64 000 straummålarar i dei 12 kommunane nettselskapet har ansvar for på Sunnmøre. Dei nye målarane vil etter kvart føre til fleire fordelar for kundane:

Med ny automatisk straummålar

  • slepp du å lese av straummålaren og du får samstundes betre oversikt over forbruket ditt
  • vert straumbrot varsla direkte til nettselskapet, noko som kan gi kortare rettetid                                             
  • vert det mogleg for tilleggstenester som gjer det enklare for deg å styre straumforbruket ditt

Slik skjer målarbytet
Mørenett sin samarbeidspartnar Bratseth tek kontakt med kundane for å avtale tid for målarbyte. Du kan vente deg å få både brev og sms/telefon om dette. Når tidspunktet for målarbytet er avtalt, kjem montøren innanfor det avtalte tidsromet. Sjølve målarbytet tek om lag 20 minutt, og straumen vil vere borte under arbeidet.

Om utrullinga av nye straummålarar i Mørenett sitt område og praktisk informasjon om målarbytet, sjå Mørenett si nettside: Utrulling av smart strøm i Mørenett

Slik fungerer målaren
Dei nye automatiske straummålarane registrerer kor mykje straum du brukar kvar time i døgnet, og sender målaravlesinga automatisk til nettselskapet ein gong i døgnet. Derifrå går informasjonen vidare til ein nasjonal datasentral (Elhub), som har ansvar for den vidare informasjonsflyten til straumleverandøren og eventuelt til andre tenesteleverandørar som du ønskjer skal få tilgang til måleverdiane dine.

Meir informasjon og svar på spørsmål om dei nye automatiske straummålarane finn du på  www.sluttpamaset.no

Du finn også god informasjon om dei nye straummålarane på den nasjonale informasjonssida www.nymaler.no

Publisert av Asbjørg Garshol. Sist endra 03.07.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering