Skattetakstnemnda i gang med feltarbeidet

Bebyggelse oppover mot Varleite i Ulsteinvik - Klikk for stort bilete

Nemnda skal taksere eigedomane som ikkje har formuesgrunnlag frå Skatteetaten.

Ulstein kommune har innført eigedomsskatt for 2018. I hovudsak blir formuesgrunnlaget frå Skatteetaten brukt til å rekne ut skatten.

Kommunen har nedsett ei skattetakstnemnd til å taksere dei eigedomane som ikkje har formuesgrunnlag. Dette vil omfatte bustadhus, våningshus, garasjer, naust og hytter. Eigarane av dei bygningane det gjeld, får brev om takseringa.

Skattetakstnemnda gjer synfaring i felt i vår, hovudsakleg i april og mai. Feltarbeidet vil bestå av ei utvendig oppmåling av dei aktuelle bygningane. Takstnemnda skal ikkje inn i bygningane.

Det er ikkje nødvendig å vere tilgjengeleg ved synfaringa. Men vi gjer merksam på at du har høve til å be om å få delta.

I så tilfelle ringer du kommunen på tlf. 70 01 76 00, eller sender e-post til peder.almedal@ulstein.kommune.no, og gir beskjed om at du ønskjer å vere til stades.

Du får då ein SMS same dagen som synfaringa finn stad, eller dagen før, med opplysning om omtrentleg tidspunkt. Kan du ikkje møte til planlagt tid, blir takseringsarbeidet utført likevel med heimel i eigedomsskattelova §31.

Les meir om eigedomsskatt i Ulstein.

 

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 09.04.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering