Skal du bygge? .. og må du søkje?

Gravemaskin - Klikk for stort bilete Annika Brandal

Nokre ting kan vi bygge utan å søkje kommunen om løyve

Føresetnaden er at det vi skal gjere samsvarar med gjeldande planar for området og reglane i plan- og bygningslova. 

Det er vi sjølve som har ansvar for å undersøke om byggeprosjektet er unnateke søknadsplikt. Dette finn vi ut ved å gå inn på www.dibk.no eller ved å ta kontakt med teknisk etat.  Dersom byggeprosjektet er søknadspliktig må vi innhente løyve før vi startar: søknadskjema 

Døme på tiltak som er unnateke søknadsplikt: 

Frittliggande bygning inntil 50 m²: Garasje, uthus, dokkestove og liknande.

Krav om minst 1 meter frå nabogrense, maksimal mønehøgd 4 meter og gesimshøgd 3 meter. Eigedomen må vere bygt på frå før og avstand til andre bygningar på eigedomen må vere 1 meter. Avstand til veg, frisiktsoner, utnyttingsgrad m.m. må ivaretakast i samsvar med plan. Ver også merksam på at kommunen har eigne avstandskrav mot vegområde og at vi ikkje skal bygge over vass- og avløpsleidningar i grunnen.

Er ikkje arealet regulert, gjeld ikkje unntaksreglane for ordinære bustadeigedomar.

Tilbygg inntil 15 m²: Tilbygg utan rom for varig opphald (bod, ope inngangsparti, veranda o.l.).

Krav om 4 meter til nabogrense, plassering på bakkenivå, utan kjellar/loft og innanfor utnyttingsgrad på eigedomen mm.. Medrekna her er også terrasse og understøtta veranda, men ikkje karnapp eller balkongar som er innkraga.

Tilbygg som stove, kjøkken, bad, soverom og kontor krev altså søknad.

Leveggar: Maks 1,8 meter høg / lengde inntil 10 meter, krev 1 meter avstand til nabogrense.

Lengde inntil 5 meter kan stå i nabogrense.

Mindre støttemurar: Med opptil 1 meter høgde kan denne plasserast inntil 1 meter frå nabogrense.

Mindre fylling/planering av terreng: Fyllingsfot skal ikkje kome nærare nabogrense enn 1 meter.

Sjå www.dibk.no for kor stort omfanget av planering kan vere; dette er mellom anna avhengig av type utbygt område.

Etterpå:

  • Hugs at kommunen er pålagt å føre tilsyn med byggeaktivitet. Dersom eit tiltak er oppført i strid med lovverk eller plan kan kommunen krevje dette fjerna og eigar kan få bøter.
  • Bygningar som er oppført utan søknad må også innrapporterast til kommunen. Dette gjer du ved å sende inn byggeblankett nr 5188

Usikker? Ta kontakt med bygningsavdelinga i eigen kommune, så får du hjelp! Ulstein kommune, tlf. 70 01 75 00 

Helsing frå kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta

Publisert av Asbjørg Garshol. Sist endra 11.05.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering