Sei meininga di om kommuneplanen

Ulstein kommune - Klikk for stort bilete Per Eide

 

Korleis vil du at Ulstein-samfunnet skal utvikle seg? Kva skal vi bruke areala våre til? Kom med dine innspel og meiningar før kommuneplanen vert vedteken!

Frist for innspel: 15. september 2017

I samsvar med vedtak i formannskapet 27.06.17 vert framlegg til Kommuneplanen sin arealdel 2017-2029 utlagd til 1. gongs offentleg ettersyn i medhald av Plan- og bygningslova, § 11-14.

Arealdelen femner om heile kommunen med land- og sjøareal, og syner arealdisponeringa med arealformål og omsynssoner med tilhøyrande føresegner og retningsliner. Til planen høyrer også Konsekvensutgreiing av utbyggingsformål og ROS – analyse (Risiko og Sårbarheit). Dokumenta finn du under kunngjeringar og høyringar

Arealplankart med omsynssoner kan sjåast her. Plandokumenta med vedlegg er også utlagde i Ulstein rådhus, 1. etasje. 

Send inn kommentarar og innspel til:

Ulstein kommune
Postboks 143
6067 Ulsteinvik

eller til postmottak@ulstein.kommune.no.

Merknadsfristen er sett til 15. september 2017.

 

 

 

 

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 11.07.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Anita Sundnes Anita Sundnes Kommunalsjef teknisk, kst.
412 01 455
@ Anita Sundnes
Meir informasjon (1)
Login for redigering