Saman om å hjelpe innbyggarar med gjeldsproblem

Representantar for fire kommunar - Klikk for stort bilete

 

Hareid, Herøy, Ulstein, Sande og Vanylven står saman om å tilby gjeldsrådgiving til innbyggarane sine. Kommunane fornyar no avtalen om ein felles gjeldsrådgivar for innbyggarar med gjeldsproblem.

 

 

Målet med tenesta er å førebygge nye gjeldsproblem, betre den økonomiske situasjonen til innbyggaren og bidra til at vedkomande kan bli sjølvhjelpt.

 

Tenesta omfattar mellom anna å gi råd og rettleiing, opprette kontakt mellom skyldnar og kreditor og skissere betalingsplanar.

 

På bildet frå venstre: Ragnhild Velsvik Berge, rådmann i Hareid; Olaus-Jon Kopperstad, rådmann i Herøy; Terje Kolstad, kommunalsjef i Vanylven; Einar Vik Arset, rådmann i Ulstein. Sande kommune var ikkje representert då bildet vart teke.
 
 

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 27.04.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering