Rådmann Einar Vik Arset er tilbake

Leiargruppa i Ulstein kommune.jpg - Klikk for stort bilete

Einar Vik Arset er tilbake som rådmann, og med det vert samansettinga av leiargruppa endra. På bildet f.v.: Gry Nordal, Marit Botnen, Verner Larsen, Einar Vik Arset, Arne Runar Vik. 

Einar Vik Arset er tilbake etter halvtanna års permisjon. Rådmannen er den øvste administrative leiaren i Ulstein kommune. 

Verner Larsen, som har vore konstituert rådmann, går no tilbake til stillinga som assisterande rådmann. 

Arne Runar Vik, som har vore konstituert assisterande rådmann, vert igjen kommunalsjef for teknisk etat. 

Marit Botnen er kommunalsjef for helse- og omsorgsetaten. 

Gry Nordal er kommunalsjef for oppvekst- og kulturetaten. 

Anita Sundnes har vore konstituert kommunalsjef for teknisk etat. Ho går no tilbake til stillinga som leiar for plan- og bygningsavdelinga. 

 

 

  

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 01.01.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering