Prosjekteringsgruppe stemnar Ulstein kommune

Arena Ulstein - Klikk for stort bilete

Ulstein kommune har motteke stemning frå prosjekteringsgruppa «Next Level». Bakgrunnen er ein tvist om storleiken på rådgjevarhonorara i samband med bygginga av Ulstein Arena. 

 

Prosjekteringsgruppa har hatt ansvaret for detaljprosjektering og prosjektoppfølging i byggeperioden. Gruppa representerer Lund + Slaatto Arkitekter AS, Arkitektkontoret Nils Tveit AS, Bjørbekk og Lindheim AS, Dr. tech. Olav Olsen AS, MOE Rådgivende Ingeniører AS, ECT AS, SWECO AS, Rambøll Norge AS og Multiconsult AS.

 

Det har vore forsøkt å finne ei minneleg løysing. Partane er usamde både om faktiske forhold og om kva som er rett rådgjevarhonorar. Ulstein kommune innstiller seg no på å gå inn i ein rettsleg prosess og at tvisten skal bli avklara.

 

Stemninga gjer greie for korleis prosjekteringsgruppa ser på saka, og er eit omfattande dokument. Ulstein kommune vil no gå nøye gjennom dokumentet og utforme eit tilsvar til stemninga. Før det er gjort, har kommunen ikkje høve til å kommentere saka nærmare. Kommunen har som mål å ta stilling til spørsmålet om offentleggjering av stemninga i løpet av onsdag 20. desember 2017.

 

Ulstein Arena opna i Ulsteinvik 2. desember 2017 og rommar idrettshall, bibliotek, badeland og klivrehall.

 

Pressekontakt: Styreleiar i Ulstein eigedomsselskap KF, Roy Henning Haddal, tlf. 982 87 842

 

 

 

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 19.12.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering